Sequential Circuits Prophet-5

Prophet-5

Prophet-5 er ein analog synthesizer som vart produsert av Sequential Circuits i San Jose i California mellom 1978 og 1984. Han vart lansert ved Winter NAMM i januar 1978 og var banebrytande fordi han var den første analoge synthesizeren som hadde høve til å lagre brukarinnstillingar for kvar parameter i eit indre minne. Det er òg ein av dei første polyfoniske synthesizerane med opp mot fem stemmer, slik at ein kunne spele opp til fem notar samstundes.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search